TEAM PULS – klasse for utviklingshemma

TEAM PULS – Klasse for utviklingshemma
Sunnhordland Maraton vil i år for første gang ha ein klasse for utviklingshemma.
Løypa er ei rundløype på ca 400 m i Leirvik sentrum med start og mål i Borggata.
Alle deltakarar får startnummer, og vil bli premiert med den flotte Sunnhordland Maraton-medaljen etter målgang.
Det blir ikkje tidtaking i denne klassen.
Deltakarane kan gå eller springe gjennom løypa aleine eller med følgje.
Påmelding i denne klassen er via EQ Timing. Link ligg nederst i innlegget.
Dersom nokon synest dette er vanskeleg kan dei ta kontakt med Tom Erling Kårbø eller Reidar Nesse for å få hjelp.
Det er og mulig å få tilsendt eit skjema for gruppepåmelding om nokon vil levere ei samla påmelding for fleire deltakarar.
(tomkarbo@stordfriidrett.no)
Me håpar flest mulig vil nytte seg av dette tilbodet, og me ser fram til ein kjekk dag i Leirvik Sentrum laurdag 9. mai.
Link til påmelding: https://signup.eqtiming.no/Team-PULS/i858146?Event=Sunhordland_Maraton

Steng meny