10 kilometer Salmaløpet

Start og mål i Leirvik sentrum, og traséen går rundt Ådlandsvatnet. På veg inn mot Møllebrua skal løparane springa over vegen som dei alltid har gjort, medan dei må under Møllebrua og over den vesle gangbrua etter at dei har vore rundt vatnet, sjå bilete under. Denne endringa kom i 2023, og vil framleis gjelda i 2024. Det er løypevakter som viser tydeleg kvar ein skal springa. Løpet starter med ein kort runde nerom Nattrutekaien i Leirvik sentrum, og her skal ein også nerom før ein spring i mål frå nedsida av Borggata.

5 kilometer Sentrumsløpet

I Sunnhordland løpsfest 2024 byr me på ein splitter ny og spenstig trasé på 5-kilometerdistansen. Tidlegare har denne starta på Kattatveit og hatt mål i Borggata, men no er også starten lagt til Borggata, like ved Bakeriet Frugård. Mål er nede ved Paviljongen på Torget. Først spring ein ned heile Borggata før ein set kursen nordover Nattrutekaien, opp Kaisvingen og nedover Borggata igjen. Deretter skal ein to gonger ut til Storddøra og tilbake igjen til Nattrutekaien, Kaisvingen og Borggata. Ein passerer med andre ord målgang tre gonger før ein kan stoppa klokka den fjerde gongen. 5-kilometeren har fått det passande namnet «Sentrumsløpet».

Halvmaraton

Start og mål i Leirvik sentrum, rundt Ådlandsvatnet, vidare opp til og gjennom Landåsen, forbi Heiane, inn igjen i Landåsen og tilbake til sentrum, som vist på bildet øverst. Løypa er tydeleg merka og det er løypevakter som viser veg.

Fylkesnes Bil sitt barneløp og Superløpet

Start og mål i Borggata og ei artig sløyfe på cirka 400 meter.

Underlag

Grus og asfalt.

Steng meny