SUNNHORDLAND MARATON VIRTUELT LØP 2020 – 25-31.mai

VIRTUELT LØP På grunn av COVID-19 situasjonen har me tenkt nytt og vil gjennomføra eit virtuelt løp den siste veka i mai. Løpet er laga som eit eit plaster på såret til alle som hadde sett fram til Sunnhordland Maraton og som ønsker fleire aktivitetstilbod no som dei fleste arrangement er avlyst. For å utgjør ein lav risiko og unngå store folkesamlingar har me gjort løpet annerledes enn før. Tidtaking skjer manuelt eller via opplasting av GPS-fil som måler distansen ein spring. Ein kan i praksis gjennomføra løpet kor som helst, når som helst.
Det er viktig for oss å oppfordra alle til å følga smittevernsreglane når dei gjennomfører arrangementet.

STARTTIDER Valfritt tidspunkt mellom 25-31.mai. Start klokka sjølv når du starter og spring distansen du er påmeldt.

DISTANSAR Distansane i det virtuelle løpet er: 5km, 10km, Halvmaraton og Maraton.

PRIS  Alle distansar kostar 50kr for påmelding. Deltakarmedaljar vert valgfritt og kostar 100kr ekstra. Den vert lik på alle distansar og sendt i posten til deltakarane i etterkant av løpet.

TIDTAKING Ein kan registrere tida si manuelt i EQ-timing sine system. Det er også mogleg å laste opp GPS-fil frå GPS-klokke eller strava for dei som brukar det. Då gjeld tida frå starttidspunkt til distansen på klokka når distansen du er påmeldt. Hugs derfor å spring minst distansen du er påmeldt, ikkje 10m kortare.
Om du tar tida manuelt er det lurt å springa distansen ein plass den har blitt oppmålt før. For eksempel den offisielle løypa til Sunnhordland Maraton, Bruløpet eller på oppmålte plasser som ein friidrettstadion. Skriv deretter tida di på EQ-timing sine sider så vert den lagt inn i resultatlista.

LØYPE Valfri løypetrase. Det viktigaste er å springa distansen. Mange vil benytte seg av dei normale løypene. Vær då ekstra forsiktig der løypene møter trafikken. Me har ikkje løypevaktar på det virtuelle løpet.

STEMNEKONTOR Vert ikkje benytta i år på grunn av smittevernsreglane. All informasjon kjem på nett og det vert ikkje delt ut startnummer.

DRIKKESTASJONAR Det er ikkje drikkestasjonar under det virtuelle løpet så dei som spring lange distansar må hugse å ta med drikke sjølv eller avtale med nokre dei kjenner om å gi drikke undervegs.
TOALETT Det vert ikkje sett ut mobile toalett i år. Folk vert for tida oppfordra til å bruka private toalett istadanfor offentlige toalett.

PARKERING OG GARDEROBAR Dei som spring den vanlege løypa kan parkera på amfi parkering. Det vert ikkje same pågangen i sentrum som før. Garderobar vert ikkje tilgjengelig under arrangementet.

BARNELØPET Det vert ikkje barneløp under det virtuelle løpet. I mai 2021 håpar me å gjennomføre barneløpet som normalt igjen.

TEAM PULS Det vert ikkje Team Puls løp under det virtuelle løpet. I mai 2021 håpar me å gjennomføre Team Puls løpet som normalt igjen.

DELTAKARMEDALJE Det er valfritt å bestille medalje i påmeldinga for 100kr. Medaljen vil bli pakka og sendt direkte i posten til deltakarane. Prisen inkluderer pakking og porto. Medaljen er av god kvalitet, same som under Sunnhordland Maraton 2019 med nytt motiv. Det vert ikkje premiering basert på plasseringar sidan me ikkje brukar normal konkurranseform med tidtakingssystem og fellesstart.

Steng meny