Dato

Laurdag 2. mai 2026

TIDSSKJEMA

08:30 | Startnummer kan hentast på Den Blå Time
09:45 | Halvmaraton Bladet Sunnhordland
10:45 | 10 km Aker Solutions
12:30 | Superløpet iteam
12:40 | Barneløp uten foreldrefølge Fylkesnes Bil
12:50 | Barneløp med foreldrefølge Fylkesnes Bil
13:10 | 5 km Subshoreløpet

Merk: I 2026 kan det bli ein eigen eliteklasse for 5 km. Denne vil ha start kl 13:00, noko som betyr at starten på ordinær 5 km vil bli utsett til 13:25. Informasjon kring dette kjem etter kvart.

Startnummer

Stemnekontoret er på Den Blå Time i andre etasje av Bakeriet Frugård i Borggata på Vikjo. Kontoret er ope løpshelga frå klokka 16:00 til 19:00 fredagen og frå klokka 08:30 til 15:00 laurdagen. Hent gjerne startnummer på fredagen dersom du har moglegheit til det.

Påmelding

Påmelding til dei ordinære distansane og superløpet finn du på EQ Timing.

Påmeldingsskjema kjem etter kvart. Barneløpet er ca 450 meter langt, og vil bli delt opp i to startar; ein med foreldrefølge og ein utan.

Løype

Alle distansane har start og mål i Borggata i Leirvik sentrum. Sjå meir informasjon om løypetraséane her.

10 km startar i Borggata før ein spring nordover mot Ådlandsvatnet. Tilbake i sentrum skal ein ned kaisvingen og bortover langs Nattrutekaien før ein svingar opp igjen mot Borggata. Merk: Etter å ha vore rundt Ådlandsvatnet, spring løparane rett fram under Møllebrua og til venstre over den nye gangbrua, før dei fortsett opp mot parkeringsplassen ved kyrkja og tilbake over møllebrua mot Vikjo igjen. Løypevakter vil visa tydeleg veg.

Halvmaraton startar også i Borggata. Deretter spring ein nordover og ein runde rundt Ådlandsvatnet, tilbake til sentrum og ein runde sørover gjennom Landåsen og tilbake til mål i sentrum. Rundt Ådlandsvatnet og i Landåsen går løypa på turvegar med grus. Resten av løypa er asfalt. Totalt har cirka to tredjedeler av løypa grusunderlag.

Barneløpet og superløpet er cirka 450 meter langt, med start og målgang i Borggata.

Stemnekontor

Stemnekontoret er på Den Blå Time i andre etasje av Bakeriet Frugård i Borggata. Opningstider fredag 16:00-19:00 og  laurdag 08:30-15:00.

På stemnekontoret:

  • utdeling av startnummer fredag klokka 16:00-19:00 og laurdag frå klokka 08.30.
  • innlevering og oppbevaring av verdisaker
  • utdeling av t-skjorter til dei som har bestilt det

Drikkestasjonar

Det blir tre drikkestasjonar, ein i sentrum ved start/mål, ein på Vatna og ein i Landåsen. Drikkestasjonane er plassert slik at det aldri er meir enn 5 km mellom dei. På drikkestasjonane blir det servert vatn, sportsdrikk og bananer.

Start, mål og aktivitetar i sentrum

Start og mål for alle distansar er i sentrum i Borggata. Det blir mange ulike aktivitetar i sentrum på løpsdagen.

Toalett

Det er to toalett på Stemnekontoret på Den Blå Time i andre etasje på Bakeriet Frugård. Helseparken ved Torget har også eit toalett i første etasje som kan nyttast.

Parkering

Deltakarar og publikum blir oppfordra til å parkere på Vabakken, Yrkesskulen eller Vikahaugane. Det er også avgiftsbelagt parkering i sentrum og på Amfi Stord.

Trykk her for parkeringskart!

Parkeringsplassen ved kyrkja må ikkje nyttast!

Garderobar

Det er ingen garderobe eller dusjmoglegheiter i Borggata, men Kulturhuset har offentlig bading med open garderobe.

Premiering

Alle deltakarar får medalje rett etter målpassering.

Dei tre beste herrene og kvinnene på alle distansane får kvar sin flotte pokal. Premieutdelinga skjer på Torget like ved målgang.

Sikkerhet

Stord/Fitjar Røde Kors hjelpekorps stiller opp og bidrar til å øke sikkerheten rundt arrangementet.
Dei har tre ATV-ar ute i løypene. Ein med kvar av inngangane: Ådlandsvatnet, Landåsen og Skjepåsen.
Dei har også folk stasjonert ved gapahuken ved Skjepåsen og Ådlandsvatnet. Dei stiller med hjertestartere, bårer og førstehjelpsutstyr.
Me er veldig glade for hjelpa til hjelpekorpsen fordi det er viktig for oss at sikkerheten til deltagarane blir godt ivaretatt.

Informasjon til funksjonærane

Instrukser Løypevakter: Instruks løypevakter – Klikk her

Instrukser Drikkestasjoner: Instruks Drikkestasjon – Trykk her

Vaktliste Drikkestasjoner: Vaktliste drikkestasjonar – Klikk her

Steng meny