10km distansen er ein av dei mest populære løpa under Sunnhordland Maraton.
I år som i fjor vert 10km-løpet døypt «Salmaløpet».
Bremnes Seashore er sponsor av arrangementet og deltar sjølv med mange deltakarar.
Foreløpig er det påmeldt 17 deltakarar frå Bremnes Seashore på 5km og 10km-Salmaløpet.
Me gler oss over at lokale bedrifter støtter arrangementet og ynskjer å delta med eigne ansatte.